Gilligan med bokprosjekt
Umiddelbart etter Hutton-rapporten frykta den dåverande BBC-journalisten Andrew Gilligan slutten på BBC slik han kjente den. I dag meiner han kanalen kom styrka ut av striden med Tony Blair.
Olav Øye, 17.04.2005 13:25
I mai startar Gillinga arbeidet med ei bok om den britiske regjeringa si rolle i Irak-krigen i 2003, og si eiga dekning av opptakten, krigen og etterspelet. BBC kom under åtak frå regjeringa etter at statskanalen sendte eit innslag med påstandar om at regjeringa "sprita opp" etterretningsdokument om Saddam Husseins evne til å angripe Storbritannia og andre land. Kjelda var våpeninspektøren David Kelly i Forsvarsepartementet. Kelly tok livet sitt etter at navnet hans lak ut i pressa, og Gilligan er ikkje nådig mot den britiske regjeringas handtering av konflikten og etterspelet.
- Heile regjeringa har ein tendens til å lyge og bedra, meiner Gilligan. Mesteparten av skytset mot BBC i Kelly-saka kom frå Tony Blair og Alastair Campbell, men Gilligan plasserer òg innanriksministeren David Blunkett i samme kategori.


Hutton kom som eit sjokk

- Eg var sjokkert over kvitvaskinga av regjeringa.Eg venta i det minste at Hutton-rapporten skulle vere balansert, seier Gilligan. Rapporten kom i etterkant av David Kellys sjølvmord og frikjente Blair på nesten alle punkt.
- Regjeringa vart stilt i eit positivt lys, medan BBC fekk all kjeften. Sjølv Alastair Campbell ville gjort han meir kritisk til regjeringa, berre for å gjere han iallfall litt truverdig, seier Gilligan.

- Butler knusande for Blair

Ein seinare rapport greidde ut i kva grad den britiske etterretningsorganisasjonen MI6 hadde gjort jobben sin før krigen.
- Butler-rapporten ga ein knusande dom over regjeringa, og avslørte Blair som ein løgnar. Blair påsto alle fakta var eintydige, medan Butler-rapporten konkluderte med at bevisa var sporadiske og tvilsame, seier Gilligan.
- Følte du at denne rapporten ga deg oppreising?
- Folket visste eg hadde rett, men no turde media skrive det òg.

- Overtydde seg sjølv

- Alle kjeldene mine fortalte at det ikkje var nokon trussel frå Irak. Eg reknar med dei sa det same til statsministeren, seier Gilligan.
- Kvifor verka da Blair så overtydd om at Irak-krigen var rett?
- Blair er advokat av yrke, og han er flink. For å overtyde andre gjer han seg til eitt med resonnementet sitt, og ender opp med å overtyde seg sjølv òg. For han og New Labour er middelet rettferdiggjort av målet, seier Gilligan.