Nøgde med dekkinga
Seminaret "Slik gjør rikspressen det når de invaderer et lokal-samfunn" førte til at både politi, lokal- og rikspresse måtte vere samde om at norske krimjournalistar gjer ein god jobb. I panelet sat Øystein Milli (VG), Hilde Genberg (Firda), politiadvokat Knut Broberg (Sogn og Fjordane politidistrikt) og lensmann Kjell Fonn (Førde og Naustdal lensmannskontor).
Åge Andre Breivik, 16.04.2005 16:40

Paneldeltakarane vart spurde om det er forskjel på rikspressa som kjem nye til ei bygd der noko kriminelt har skjedd, og lokalpressa som har kjennskap til området frå før, men dei store skilnadane ville dei ikkje tilstå.

Sakene som vart diskutert i seminaret var drapet på Anne Slåtten i Førde og drapet på Hedda Karterudsæter i Sogndal. Både politiadvokat Broberg og lensmann Fonn var samde om at lokalsamfunna jamt over var
nøgde med måten hendingane vart dekte på, men at nokre element i lokalsamfunna hadde fått for mykje press på seg.

Journalistane Milli og Genberg diskuterte i debatten kva som var skilnaden mellom dei lokale mediene og dei riksdekkjande, og kom til at det var i dei tidlege stadia at lokalpressa kunne ha fordelar, medan dei riksdekkjande mediene har større apparat og ressursar for vidare undersøking og arbeid.

At politi og presse var så samde om korleis dekkinga var, såg ut til å overraske publikum i debatten.