Grave-sjefen
Ta ein spade. Gi den til Håkon Haugsbø (33). Det er mannen som skal gjere Noregs beste gravekonferanse endå betre. For han likar å grave.
Amund Trellevik, 19.03.2007 23:32

Håkon Haugsbø er SKUPs nye leiar. Målet hans er ikkje å gjere konferansen størst mogleg, men best mogleg. Det skal han klare gjennom å satse knallhardt på kvalitet. Foto: Amund Trellevik
Han har trakka NRK-korridorar i 15 år. No skal han trakke SKUP-gangane i minst eitt.

Haugsbø er for TV-publikum mest kjent som programleiar i Forbruker-inspektørene. Dei siste tre åra har han arbeidd med undersøkande dokumentar i NRK. Fredag vart han valt som leiar i SKUP-styret det neste året.

Haugsbø er smerteleg klar over at han tek på seg ei oppgåve som krev både ein tålmodig arbeidsgivar og ein enorm sjølvdisiplin.
- Eg gler meg. Dette er noko eg gledar meg til å ta fatt på, seier han.

Han seier han er glad i øl, og at han er fødd i Førde, og vaksen opp i NRK.
Men kven er eigentleg denne mannen, som trivst best i slitte dongeribukser og ei britisk uniformsjakke frå ein bruktbutikk i Amsterdam?

- Eg er ein utadvent og sosial og øltørst fyr som likar å vere der folk er samla. Eg er glad i naturen, eg er glad i å sove i telt og eg er glad i å fyre bål. Eg vil faktisk hevde at eg er den beste eg kjenner til å fyre opp bål.

- Jaha?


- Resepten er å berre bruke ei fyrstikk og ingen tennbrikker. Alt anna er juks.

Baren i hotellbaren på Quality hotell i Tønsberg er full av dei rundt 650 konferansedeltakarne som gjer at årets SKUP-konferanse er den største nokon sinne.

Neste år vil verte det travlaste året i SKUPs historie: I tillegg til at den vanlege gravefestivalen vert arrangert om våren, skal SKUP stå som arrangør for den internasjonale gravekonferansen, Global Investigative Journalism Conference, på Lillehammer i september.

- Verdas auge vil atter ein gong vere retta mot Lillehammer. Dette skal verte ein så bra konferanse at deltakarane vil seie: «This was the best conference ever».

Haugsbø innrømmer at SKUP har vakse seg større enn seg sjølv og at styret vert nøydde til å gjere eit vegval i året som kjem.
- Som ei stifting basert på frivilleg arbeid, har vi nådd ei grense som er ganske nær det vi kan tåle. Vi må sjå på om vi bør i større grad enn i dag lønne personar som er med på å leie arrangementet. Vi må også sjå på kva struktur konferansen skal ha; og om vi skal ha eit tak på talet på deltakar, eller om vi skal vekse så mykje som berre er mogleg, seier han.

- Målet er ikkje å vere størst mogeleg, men best mogeleg. Difor er det kvaliteten, og ikkje kvantiteten som vert viktig å jobbe for i det komande året.

- Korleis vil folk merke at du er blitt leiar av SKUP?

- SKUP vil merke at det er ein ambisiøs fyr som no leiar styret. Eg er ein person som har store mål, og eg meiner at SKUP bør fylle eit tomrom i den norske offentlege debatten. Det vert stadig vanskelegare å drive gravejournalistikk, derfor meiner eg det er særs viktig at vi har ein så stor og fagleg god konferanse som SKUP.

- Forklar.

- Stadig fleire mektige personar og verksemder bruker pengar til å hindre oss i å gjere det journalistar skal gjere. Dei betalar advokatar og PR-rådgjevarar for å motarbeide oss, dei vanskeleggjer informasjon og bryt i somme tilfelle offentlegheitsloven.

- Mykje å ta tak i, med andre ord.

- Ja. Men vi må heller ikkje gløyme at SKUP er ein sosial samlingsplass for journalistar frå heile landet. Her knytast både faglege kontaktar og venskapsband.

- Du er ein trufast nynorskbrukar, vil vi merke det?

- Det vil bli meir nynorskbruk i SKUP det neste året. Eg har som mål at vi i alle fall skal klare å oppfylle kravet om nynorskprosent på 25.