Fekk SKUP-prisen 2008 for avsløringa av Sløvåg-eksplosjonen i Gulen i Sogn og Fjordane.
- Dette var ei god unnskyldning for å skulke, seier Kjersti Knudssøn i NRK Brennpunkt rett etter at ho har motteke SKUP-prisen 2008.
- Me sat eigentleg og heldt på med ei anna sak, og det var så godt vêr i Sogn og Fjordane. Nyhendet hadde blåst over, og det byrja å kome rapportar om at folk vart sjuke. Me tenkte: Kva luktar det eigentleg der ute - og kvifor vert folk sjuke? seier Knudssøn til Siste SKUP.
Dei to NRK-journalistane fortel om eit arbeid fram mot SKUP-prisen som i stor grad besto av å snakke med Torger på nærbutikken, og lure på korleis folk i Sløvåg eigentleg hadde det. At det skulle leie til SKUP-prisen hadde dei aldri trudd.
- Me håpa jo sjølvsagt, men på førehand veit ein jo ingenting, seier Synnøve Bakke.
Dei jobba med saka i seks månader, og enno er det ikkje over.
- Me følgjer jo opp. BBC har fått programmet, og det største massesøksmålet i britisk historie er knytt til dette, seier Bakke til Siste SKUP.
Prosjektet til dei to journalistane har fått følgjer i fleire land, og undervegs i prosessen har dei kontakta medium frå Estland til Elfenbenskysten.
Om SKUP-prisen seier dei dette:
- Dette er knallkjekt, ein fantastisk inspirasjon, og det kjens som løn for strevet, seier dei to frå scena i Oseberg kulturhus i Tønsberg laurdag kveld.
Juryen: - primært ein metodepris
- SKUP-prisen er primært ein metodepris. Juryen skal ikkje berømme dei beste eller mest oppsiktsvekkjande sakene. Men, det er også slik, at gode metodiske saker gjerne gir oppsiktsvekkjande saker, sa Woje før han annonserte diplom- og prisvinnarane.
- Juryen vurderer prosjekt etter fleire felles kriterium. Eg kan garantere at det har blitt gjort eit grundig og samvitsfullt arbeid frå alle i juryen.
Blant dei 47 bidraga levert av 98 journalistar, framheva Woje mellom anna at studentavisa Næravisa (Høgskolen i Volda) hadde levert eit bidrag.
Her kan du sjekke ut dei tidlegare SKUP-pris-vinnarane.
Alle metoderapportane vert publisert på SKUP.no.
Prisjuryen består av leiar Thor Woje (Romerikes Blad), Ida Grieg Riisnæs (Dagens Næringsliv), Lars A. Christiansen (NRK), Kari Aarstad Aase (VG), Anne Berit Hjerkinn (Adresseavisen), Svein Brurås (Høgskolen i Volda), Anne Hovden (Bergens Tidende).
Her er juryens begrunnelse:
Mai 2007: En tank eksploderer og fire andre tanker brenner opp hos Vest Tank i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. I månedsvis etterpå preges hele området av en ubehagelig lukt. Folk føler seg syke. Ingen kan fortelle hva som var på tankene, men både Vest Tank og myndighetene er tydelige på at dette er helt ufarlig.