Tønsbergjournalistar fekk Tore Sandbergs gravestipend

Var dei einaste som søkte!

Mari Torsdotter Hauge, 21.03.2009 20:31

Anja Jasinksi Wright og Marie Olaussen fekk Tore Sandbergs gravestipend frå Tore Sandberg sjølv. FOTO: BJØRN GRIMSTAD.

Journalistane Anja Jasinski Wright og Marie Olaussen i Tønsbergs Blad vart tildelt Tore Sandbergs gravestipend på 100.000 kroner under den årlege SKUP-banketten laurdag.

- Årets stipend går til to journalistar som er varmare, våtare og villare enn andre. Journalistane meiner å kunne bevise at også fylket deira stikk hovudet i sanden når det kjem til konsekvensane av klimaforandringa, sa Tore Sandberg då han delte ut prisen.

Dei to journalistane ville ikkje gå i detalj på kva prosjektet skal handle om, utover at det skal dreie seg om fylkeskommunen sin måte å takle klimakrisen på,  men dei lovar eit svar om "ei lita stund".

- Kanskje eit år, kanskje to - kor lenge varar eigentleg dette stipendet? spurte Marie Olaussen, og tilføyde eit ganske engasjert "t-t-t-t-t-t-tusen takk!"

I tillegg til å grave vil Tønsbergs Blad-journalistane opprette ein felles kunnskapsdatabase som skal vere open for alle journalistar.

- Ei kunnskapsdeling heilt i SKUPs ånd, sa Tore Sandberg.