Handlar om meir enn Rana Blad

Kvifor vart ikkje Rana Blad invitert til Terra-debatten på SKUP? Det enkle svaret er at debatten ikkje skulle handle om Rana Blad, svarar SKUP-leder Håkon Haugsbø på kritikken fra Kirsti Nielsen.

15.04.2008 00:23

 

Til ansvarleg redaktør Kirsti Nielsen, Rana Blad:
 
Kvifor vart ikkje Rana Blad invitert til Terra-debatten på SKUP? Det enkle svaret er at debatten ikkje skulle handle om Rana Blad.
 
SKUP-styret arbeidde mykje med samansettinga av panelet som skulle debattere media si handtering av Terra-skandalen. Og Rana Blads ansvarlege redaktør stod lenge på lista vår. Fordi vi meinte at ho burde og måtte svare på kritikken som har vore framsett mot avisa.
 
Så endra vi vår vinkling, og det gjorde vi av to årsaker. Rana Blad si rolle i Terra-skandalen si første fase har vore grundig debattert det siste halve året, og vi ønskte å ta debatten vidare.
 
Det var ikkje eit poeng for oss å henge ut ei enkelt lokalavis. Vi har sett på tidlegare SKUP-konferansar at møtet mellom ei lokalavis som har feila og ei storavis som har lukkast, kan bli rått parti.
 
Vi ville at SKUP sin Terra-debatt skulle handle om ei anna side av saka det har vore mindre fokus på: Nemleg kvifor andre riksmedier ikkje tok i Terra-saka før etter at Finansavisen hadde gravd på eigahand i tre veker.
 
Det var difor vi inviterte VG og NRK til panelet. Saman med Øystein Meier Johannesen, som skulle fortelle om sine mislukka tips, også til riksmedier. Noko han også prata om.
 
Men, som det framgår av referata på SKUP og Journalisten sine nettsider, fekk han også inn fleire spark mot Rana Blad. Sjølv om det er desse som får størst merksemd i ettertid, vil vi understreke at debatten var meir langt nyansert og fokusert på VG og NRK si rolle.
 
Det er vanskeleg å programmere detaljar i debattdeltakarar sine innlegg. SKUP held på retten til å invitere ei kritisk røyst som Øystein Meier Johannesen til ein paneldebatt, utan at det treng å utløyse tilsvarsrett.
 
Terra-debatten handla om langt meir enn Rana Blad si rolle. Endeleg.